Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
EUs handelssjef Cecilia Malmström er open for å inngå ein avgrensa spesialavtale med USA for å sleppe unna den nye importtollen på stål og aluminium.
uvakt@ntb.no/kari@npk.no
Publisert: 04.05.2018 kl 17:33
- Eg vil seie at ein meir avgrensa avtale vil vere det enklaste alternativet viss vi skal få til noko raskt, seier Malmström i eit intervju med nyheitsbyrået AFP.
Men slike forhandlingar kan ikkje starte før USAs president Donald Trump går med på å gi EU permanent unntak frå den nye ekstratollen han har innført på stål og aluminium, understrekar ho. EU har fått mellombels unntak frå tollen fram til 1. juni.
EU og USA forhandla lenge om ein omfattande ny frihandelsavtale kalla TTIP, men desse forhandlingane vart lagt på is då Trump overtok som president.
Det Malmström ser for seg no, er «noko heilt anna». Ifølgje henne vil det vere snakk om ein avgrensa avtale som berre tar for seg tollsatsar og enkelte andre lågthengjande frukter.
- Vi kan begynne å utforske saka for å få eit betre bilete av kva det kan bli, men før formelle forhandlingar kan starte, må medlemslanda gi oss eit forhandlingsmandat, seier ho.
Malmström fortel vidare at ho den siste tida har vore i kontakt med USAs handelsminister Wilbur Ross fleire gonger i veka.
(©NPK)
EUs handelskommissær Cecilia Malmström, her avbilda på ein pressekonferanse om EUs handelssamarbeid med Mexico. Foto: Virginia Mayo / AP / NTB scanpix