EU struper kolsubsidiane

EU strammar kraftig inn på reglane for statlege subsidiar til kolkraftverk.

EUs medlemsland betaler kvart einaste år milliardar av euro til kolkraftverk for at dei skal stå i beredskap til å kunne produsere ekstra kraft på kort varsel viss det trengst.

Men no skal subsidiane fasast ut. Det er klart etter at EU-parlamentet, EUs ministerråd og EU-kommisjonen natt til onsdag kom til semje om eit kompromiss i saka etter to år med forhandlingar.

Dei nye reglane skal tre i kraft i 2025.

EU vil frå då av forby subsidiar til kraftverk som slepper ut meir enn 550 gram CO2 per kilowattime energi som blir produsert. Det betyr i praksis at kolkraftverk ikkje lenger kan ta imot statsstøtte for å stå i beredskap.

EU har likevel lagt inn eit smotthol ved å opne for unntak for kolkraftverk som inngår nye kontraktar innan utgangen av 2019.

Eit viktig framsteg, sjølv om EU burde gått endå hardare til verks, meiner Wendel Trio, Europa-direktør i klimaorganisasjonen CAN.

- Løkka blir stramma, og det er tydeleg at kol er på veg ut. No aukar presset på EUs medlemsland for å akselerere overgangen til grøn energi, seier han.

(©NPK)

Røyken stig frå kolkraftverket Agios Dimitrios utanfor Kozani nord i Hellas. Foto: Thanassis Stavrakis / AP / NTB scanpix

Annonse