Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Finansministrane i eurogruppa har blitt einige om å gi Hellas 15 milliardar euro i avskjedsgåve når dei går ut av kriseprogrammet i august.
lars.eide@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 22.06.2018 kl 08:31
Torsdag var finansministrane i eurogruppa samla i Luxembourg for å diskutere seg fram til semje om dei siste elementa i avtalen. Seks timar etter at forhandlingane starta, hadde partane komme til semje.
- No er vi her. Vi har klart å levere ei mjuk landing for denne lange og vanskelege justeringa, seier leiaren i eurogruppa, Mario Centeno.
Hellas har vore igjennom eit åtte år langt kriseprogram, der landet har fått lån på heile 274 milliardar euro.
Landet får no også ei ti år lang forfallsutsetting på visse lån, i tillegg til andre lettar.
EUs finanskommissær Pierre Moscovici meiner den «eksepsjonelle» avtalen er med på å skrive historie.
- Den greske krisa er over i kveld, sa han etter at avtalen var landa.
I byte mot lånet frå EU har Hellas gjennomført svært upopulære sparetiltak, deriblant ei massiv nedbygging av offentleg sektor, omfattande privatiseringar og reform av pensjon, trygd og helsevesen.
Men tiltaka har bore frukter, meiner Moscovici.
Den greske finansministeren Evklid Tsakalotos seier Hellas er fornøgd.
- Men denne regjeringa gløymer ikkje og vil aldri gløyme kva det greske folket har måtta gå gjennom på desse åtte åra. Vi må sørgje for at folket ser konkrete resultat som følgje av denne gode avtalen, legg han til.
Når grekarane går av kriseprogrammet, må dei sjølv finne ein måte å fylle statskassa på. Men hjelpa frå partnarane i EU vil vere til god hjelp.
EU har tidlegare anslått at Hellas ville trenge ei siste utbetaling på minst 11,7 milliardar euro, altså 3,3 milliardar mindre enn det dei får.
Den endelege summen utgjer ein buffer på 24,1 milliardar euro og vil dekke dei økonomiske behova i 22 månader framover.
Desse grepa er meint å roe marknadane, slik at det ikkje oppstår ny uro når krisehjelpa blir avslutta.
Samtidig vil EU fortsette å halde eit vaktsamt blikk på landet. Det skal blant anna skje gjennom eit vedtak om «utvida overvaking» frå EU-kommisjonen. Det inneber kvartalsvis rapportering og regelmessige besøk i Hellas for å kontrollere utviklinga. EU-kommisjonen held også på retten til å kunne be Hellas om å justere kursen undervegs.
Ein del av hjelpa vil venteleg bli halden igjen til EU ser at Hellas har fullført dei reformene landet har lovt å gjennomføre. Dette vil truleg gå føre seg i fire år, fram til 2022. Men omfanget vil vere avgrensa, understrekar ei EU-kjelde som uttaler seg anonymt om planane.
(©NPK)
EUs finanskommissær Pierre Moscovici (i midten) i diskusjon med Hellas' finansminister Evklid Tsakalotos t.h. på eurogruppemøtet i Luxembourg torsdag ettermiddag. Foto: Virginia Mayo / AP / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.