Eurosport: Maars Johnsen nær overgang til RBK
Bjørn Maars skal ha bestemt seg for å spele for Rosenborg.
Eurosport meiner at spelaren er så godt som klar for trønderane.
Rosenborgs sportslege leiar Stig Inge Bjørnebye ønsker ikkje å kommentere opplysningane.
Maars har levert inn ein førespurnad om å få forlate nederlandske AZ Alkmaar. Der har det vorte lite speletid for 27-åringen.
Tidlegare i veka opna landslagsspissen opp overfor TV 2 om at det står mellom Rosenborg og Bodø/Glimt om spel i Eliteserien skulle bli aktuelt.
(©NPK)
Bjørn Maars Johnsen (til høgre) under EM-kvalifiseringskampen mellom Færøyane og Noreg i Tórshavn i juni. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix.