Annonse

Eurovision seier opp avtale med kinesisk TV etter MGP-sensur

Den kinesiske tv-kanalen Mango TV får ikkje lov til å sende finalen i Eurovision Song Contest etter at kanalen sensurerte delar av semifinalen.

Det kunngjer European Broadcasting Union (EBU) som arrangerer Melodi Grand Prix. Utmeldinga kjem etter at Mango TV tysdag sensurerte to framføringar under semifinalen, som kanalen sende forseinka.

- Det er ikkje i tråd med EBUs verdiar om universalitet og inkludering eller den stolte tradisjonen vår for å feire mangfald gjennom musikken, skriv EBU i ei pressemelding.

- Det er med beklaging vi derfor avsluttar partnarskapet vårt med tv-stasjonen, opplyser EBU.

Mango TV sensurerte framføringane til den kraftig tatoverte albanske artisten Eugent Bushpepa og den irske artisten Ryan O'Shaughnessy. Sistnemnde framførte låten "Together" om eit mislykka kjærleiksforhold. På scena under framføringa hans vart kjærleikshistoria utspelt av to mannlege dansarar. Mango TV sensurerte bort regnbogeflagga frå framsyninga.

Der LGBT-symbol og regnbogeflagg har vore ein kjent syn i Melodi Grand Prix, er LGBT-kultur framleis tabu i kinesisk underhaldningsindustri.

(©NPK)

Ryan O'Shaughnessy frå Irland sikra finaleplass i årets Melodi Grand Prix. Han vart også sensurert i Kina for å ha hatt LGBT-flagg i framføringa. Foto: Armando Franca / AP / NTB scanpix

Annonse