Annonse

Fakta om solvett på sommarskulen

  • Slår vêret til og sola skin dagen lang på sommarskulen, er det viktig med pausar frå sola
  • Ta ein prat med barna om solvern og kvifor det er viktig
  • Legg til rette for at det kan takast pausar i skuggen eller inne
  • Det bør også vere skugge tilgjengeleg for aktivitet.
  • Husk at klede og noko på hovudet vernar best mot sola, farga tøy er betre enn kvitt.
  • Ha rikeleg med drikk og vassfast solkrem, minst faktor 15, tilgjengeleg. Barna må vere godt smurt når dagen startar.
  • Husk ny smørjerunde etter mykje sveitting eller bading.
  • Husk at refleks frå vatn og lys sand gjer at solstrålane blir sterkare.
  • Husk spesielt på å smørje nase, kinn, øyra og nakken, og husk skuldrer, mage og rygg, om drakter eller T-skjorter blir tatt av.
  • Lær deltakarane å passe på kvarandre, så dei hjelper kvarandre å huske på solvern

Kjelde: Tine Fotballskole og Kreftforeningen

(©NPK)

Annonse