Klargjør siden...

Familien med innstendig bøn til russiske styresmakter: - Lat Frode Berg få snakka med kona

Spionsikta Frode Berg lever i nær full isolasjon i fengselet. No ber familien hans innstendig russiske styresmakter om å la han få snakka med kona i telefonen.

- Vi er svært bekymra for Frode, helsa hans og dei tilhøva han lever under i fengselet. Vi skulle så gjerne ønskja at han fekk snakka med kona si på telefonen. Vi håpar at ambassaden, som er hos Frode kvar 14. dag, skal lykkast, men hittil har han ikkje fått høve til det, seier svigerinna til Frode Berg, Gry Nilsen Aaker, til NTB.

- Det nyttar ikkje å bli sint, og hoppa og ropa og slå i veggen. Vi må berre vera tolmodige, seier ho.

Aaker hadde, saman med dottera Vida Kristine, eit to timar langt møte torsdag ettermiddag med den russiske advokaten til Berg, Ilja Novikov, i Oslo sentrum. Det er første gongen Novikov møter familien til Frode Berg. I tillegg til å få vurderingane hans av sjølve saka, hadde familien forventningar til møtet med mannen som står Berg nærmast i den noverande situasjonen.

Kona til Frode Berg, Anita, hadde ikkje høve til å vera med på møtet.

- For ein person som er i Bergs posisjon, er det eigentleg lite ein forsvarsadvokat kan gjere no. Det viktigaste eg kanskje kan gjera er å vera eit bindeledd mellom han, familien og omverda. Barnebarnet hans har bursdag i dag, og Berg fyller sjølv 63 år i neste veke. Det er slike små ting som er viktig å snakka med ein person i nesten full isolasjon om, seier Novikov.

Snart eitt år

Frode Berg sit varetektsfengsla i Lefortovo-fengselet i Moskva, der han berre har éin time lufting kvar dag, og har ingen kontakt med omverda utanom Novikov og to besøk i månaden frå den norske ambassaden. Regimet er så strengt at Berg ikkje får noko lesestoff på norsk, men må nøya seg med russiske magasin, ifølgje Novikov.

Han blei arrestert 5. desember i fjor og sikta for spionasje. Dermed har det snart gått eitt år sidan straffeprosessen mot han starta. Novikov kan ikkje seia noko om moglegheita for at Berg kan få sleppa fri før jul, men seier han i det minste vil gjera endå eit forsøk på å få lov til at kona til Berg kan få koma på besøk i fengselet.

Det er dessutan meir usikkert enn på lenge når Berg kan få saka opp for ein domstol. Uvisse rundt saka til PST mot russaren Mikhail Botsjkarev kjem truleg til å forseinka prosessen ytterlegare, ifølgje Novikov.

Botsjkarev er arrestert og sikta for ulovleg etterretning til fordel for Russland etter å ha oppført seg påfallande under eit IT-seminar på Stortinget. Etterforskinga mot han er framleis heilt i startfasen og utfallet av saka blir truleg avgjerande for korleis russiske styresmakter stiller seg til Berg, meiner Novikov.

Ventar på Botsjkarev-saka

- Vi har blitt førespegla mange gonger at saka skulle opp for retten denne hausten, mest sannsynleg i oktober eller november. No veit vi ingenting. Det sterke inntrykket mitt no er at russiske styresmakter har stilt etterforskinga mot Berg i ro medan dei ventar på fleire opplysningar om Botsjkarev-saka, seier Novikov.

Viss Botsjkarev blir stilt for retten i Noreg og domfelt, vil det vera ei klar opning for å starta hemmelege forhandlingar mellom norske og russiske styresmakter om benådingar og fangeutveksling, meiner den russiske advokaten.

- Det er ikkje mogleg for meg å gjera vurderingar av kor sannsynleg det er at ei utveksling skal skje. Men det er aldri for tidleg for styresmaktene å starta samtalar om utveksling. Det normale i slike prosessar er at sakene blir behandla for retten først og at samtalene mellom styresmaktene går føre seg i all løyndom etter domfelling, før det kan skje ei utveksling, seier Novikov. (©NTB)

(©NPK)

Den russiske advokaten til Frode Berg, Ilja Novikov, trefte svigerinna til den spionsikta nordmannen, Gry Nilsen Aaker, i Oslo. Også den norske advokaten til Berg, Brynjulf Risnes, var til stades.
Foto: Tore Meek / NTB scanpix