Farida-støttegruppa stemner UNE

Det blir truleg ein ny runde i retten om Farida-saka etter at støttegruppa til 12-åringen og familien no har stemna UNE.

«Vi har i samråd med familien bestemt oss for å stevne UNE for dette nye vedtaket, altså ny runde i rettssystemet», skriv støttegruppa på Facebook måndag morgon ifølgje NRK.

Fredag vart det kjent at UNE held oppe avgjerda om at Farida (12) og familien hennar ikkje får komme tilbake til Noreg frå Afghanistan.

- Sikkerheitssituasjonen på heimstaden deira er stabil og har vore det i mange år. Det som skil saka frå tidlegare, er at det no er fleire og tryggare reisevegar mellom Kabul og heimstaden, sa nemndleiar Johan Berg i Utlendingsnemnda (UNE) til NTB fredag.

Fleire juristar har likevel reagert på at ein nemndleiar i Utlendingsnemnda (UNE) åleine fatta vedtaket om at familien ikkje får returnere til Noreg.

Tidlegare spesialutsending i Afghanistan Kai Eide seier til NRK at sikkerheitsvurderingane UNE har gjort er basert på usikre og feilaktige opplysningar.

(©NPK)

Annonse