Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Sør- og Nord-Korea vil gå under felles flagg under opningsseremonien i OL, men Japan mislikar flagget sterkt.
steinar.bjerkmann@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 05.02.2018 kl 09:45
Flagget, som Japan reagerer på, består av ein lyseblå silhuett av det koreanske fastlandet. Årsaka til reaksjonane er ein krangel om ei lita øygruppe om synest på flagget, ein liten prikk til høgre for den koreanske halvøya.
Prikken førestiller for koreanarane Dokdo-øyane, men i Japan symboliserer prikken Takeshima-øyane, som Japan meiner høyrer til dei.
- Flagget er uakseptabelt, basert på vårt standpunkt når det gjeld Takeshimaøyane, seier Yoshihide Suga, talsmann for den japanske regjeringa.
(©NPK)