Klargjør siden...

Fem nordmenn på årets lag i Danmark

Fem norske handballspelarar i den danske serien er tatt ut på Årets lag i Danmark, blant dei Bjarte Myrhol og Veronica Kristiansen.

Bjarte Myrhol og Torbjørn Bergerud vart måndag tatt ut på All Star-laget i den danske toppserien i samband med Dansk Håndbold Award 2018, melder TV 2.

Myrhol har gjort sine saker bra for Skjern og gjekk til topps i det danske sluttspelet der Bjerringbro/Silkeborg vart slått i finalen. I meisterligaen vart det stopp mot Nantes i kvartfinalen, men saman med Sander Sagosen vart han lønna med ein plass på stjernelaget i turneringa.

Bergerud, som neste sesong spelar for det tyske meisterlaget Flensburg-Handewitt, vart denne sesongen nummer fem i grunnspelet med TTH Holstebro.

Tre norske kvinner vart også tatt ut på All Star-laget i kvinneserien. Både Veronica Kristiansen (Midtjylland), Sanna Solberg (Esbjerg) og Stine Skogrand (Odense) fekk plass, i tillegg vart førstnemnde kåra til årets spelar.

(©NPK)

Bjarte Myrhol vart tatt ut på Årets lag i Danmark. Her er han i aksjon for det norske landslaget.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Den norske landslagsspelaren Veronica Kristiansen vart kåra til årets spelar i Danmark. Foto: Berit Roald / NTB scanpix