Fem pasientar fekk vasshovud etter Spinraza-behandling

Legar i Noreg blir åtvara om ein ny alvorleg biverknad ved bruk av Spinraza-medisin. Fem personar har fått vasshovud etter Spinraza-behandling.

Det er legemiddelselskapet Biogen og Det europeiske legemiddelkontoret (EMA) som har sendt ut åtvaringa til norske legar. Ingen av dei fem personane med vasshovud er norske, skriv Dagens Medisin.

- Dette er ein svært alvorleg biverknad. Det er difor svært viktig at legar og pårørande er merksame på symptom, slik at pasientane får nødvendig undersøking og behandling så raskt som mogleg. Ubehandla kan hydrocephalus medføre alvorlege komplikasjonar, seier medisinsk fagdirektør Steinar Madsen i Statens legemiddelverk.

Vasshovud, kalla hydrocephalus i medisinmiljøet, er kjenneteikna ved for mykje hjernevæske i hjernen. Symptoma er oppkast, hovudverk, nedsett medvit og auke i hovudomkretsen hos barn. Fire av dei fem som fekk påvist biverknaden, var barn.

Spinraza blir brukt til behandling mot muskelsjukdommen spinal muskelatrofi. Medisinen har ført til ein stor debatt fordi han var for dyr. Det vart likevel semje om prisen, men berre pasientar under 18 år vil kunne få behandlinga.

I slutten av juli bestemte Pasientorganisasjonen SMA Noreg seg for å stemne staten inn for retten fordi det berre er pasientar under 18 år som får medisinen.

(©NPK)

Annonse