Fengselsdirektør har fått sparken etter Epsteins dødsfall

Direktør for det føderale fengselsvesenet i USA har fått sparken av justisminister William Barr etter at milliardæren Jeffrey Epstein vart funnen død på cella.

Hugh Hurwitz fekk måndag beskjed om å forlate stillinga som direktør for det amerikanske føderale fengselsvesenet, Bureau of Prisons (BOP), skriv Washington Post. Han blir erstatta av Kathleen Hawk Sawyer, som var BOP-direktør frå 1992 til 2003.

Årsaka til at Hurwitz måtte gå av er framleis ikkje kjent, og justisminister Barr nemnde ikkje Jeffrey Epstein med eitt ord då han kunngjorde sjefsbytet. Men avgangen skjer i kjølvatnet av at den overgrepssikta milliardæren vart funnen død på cella si 10. august. Ifølgje dei rettsmedisinske undersøkingane tok han sitt eige liv.

Både justisminister Barr og dessutan ei rekke amerikanske medium har kritisert BOP og fengselet der Epstein sett for å ha hatt for dårleg tilsyn med han.

(©NPK)

Jeffrey Epstein blei funnen død på fengselscella si for halvanna veke sidan, truleg etter å ha tatt sitt eige liv. No har sjefen for det føderale fengselsvesenet fått sparken. Det er ikkje kjent om årsaka til avgangen er Epstein-saka. Foto: AP / NTB scanpix

Annonse
Annonse