Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Det var motorhavari og ikkje brann som var årsaka til røykutviklinga og evakueringa av 49 passasjerar frå bilferja Eid i Lysefjorden fredag.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/hallvard@npk.no
Publisert: 21.08.2018 kl 17:54
Det er den førebelse konklusjonen etter at Sjøfartsdirektoratet starta undersøkingane sine, skriv Fjord1 i ei pressemelding tysdag ettermiddag. I alt 49 passasjerar vart evakuerte til båtar i området, og ferja sende ut mayday-melding på grunn av det som såg ut til å vere ein brann i Lysefjorden i Rogaland ved 20-tida fredag kveld.
Éin av mannskapet på fem måtte til helsekontroll etter at han hadde pusta inn røyk.
I ettertid seier driftsdirektør André Høyset at han er glad evakueringa gjekk fint.
- Førebelse funn viser at skadeomfanget er avgrensa. I samarbeid med leverandørane våre kjem Fjord1 til å bruke tida framover til konkludere rundt årsaka til hendinga, seier Høyset.
Eid er eigd av Fjord1, vart bygd i 1978, er 65 meter lang og har ein kapasitet på 146 personar og 50 personbilar.
(©NPK)
49 passasjerar vart evakuerte på grunn av det som såg ut til å vere ein brann i ferja Eid (t.h.) i Lysefjorden i Rogaland. Det er ikkje meldt om personskadar. Ferja Finnøy (t.v.) kom til unnsetning. Foto: Rebekka Hagen Andreassen / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.