FIFA tilbakeviser at dommar bad om trøya til VM-spelar

Nordin Amrabat sa etter Marokkos VM-tap mot Portugal at den amerikanske dommaren hadde bede ein portugisar om å få trøya hans. Det blir tilbakevist av FIFA.

Amrabat sa i eit intervju med nederlandske NOS at Portugal-stoppar Pepe hadde fortalt han at dommar Mark Geiger i første omgang spurde om han kunne få trøya hans etter kampen.

- Dette er VM, det er ikkje eit sirkus, sa marokkanaren oppgitt.

FIFA rykte torsdag ut med ei forsikring om at Geiger ikkje hadde bede om trøya til Pepe. Forbundet sa at Amrabats fråsegn var «beklageleg og skuffande».

- Dommaren har opptredd eksemplarisk og profesjonelt, skriv FIFA i ei fråsegn.

Amrabat var dessutan ein omstridd deltakar i onsdagens kamp, berre fem dagar etter at han pådrog seg hjerneristing i Marokkos opningskamp.

(©NPK)

Dommar Mark Geiger blei feilaktig skulda for å ha bede om trøya til ein portugisisk spelar under VM-kampen mellom Portugal og Marokko onsdag. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Annonse