Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Streiken i finansnæringa vart mindre enn frykta. Likevel kan den få konsekvensar for bank- og forsikringskundar.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 31.05.2018 kl 09:08
Når 1.200 LO-medlemmer streikar frå torsdag morgon, blir bankalliansen Sparebank 1 hardast ramma. 10 av deira 14 bankar er ramma i ulik grad, og det går mest ut over forsikringstenestene, opplyser kommunikasjonsdirektør Kristin Vetleseter.
- Vi gjer alt vi kan for at kundane skal merke minst mogleg av streiken. Men dersom den varer lenge vil vi kunne få nokre kapasitetsutfordringar, seier ho til NTB.
Førebels fungerer bank- og forsikringstenester som normalt. Likevel oppfordrar Vetleseter kundar som har spesielt viktige gjeremål i nettbanken om å gjere det før helga.
- Kundar blir også oppfordra til å følgje med på nettsidene til sin bank, seier ho.
På forsikringssida må bankane prioritere kritiske hendingar, og folk som skal melde forsikringssaker blir bedne om å gjere dette på nett.
- Alle skal få hjelp, men kundane må rekne med noko lengre behandlingstid, seier kommunikasjonsdirektøren. Mange av dei streikande jobbar på oppgjerseininga innanfor forsikring, men også tilsette på kundesenteret er tatt ut i streik.
Opphavleg var også rundt 20.000 medlemmer i Finansforbundet del av streikeuttaket, men dei kom til semje med arbeidsgjevarane.
Forutan Sparebank 1, blir blant anna Jernbanepersonalets Sparebank, Odin Forvaltning og Oslo Pensjonsforsikring ramma.
(©NPK)
Bankalliansen Sparebank 1 blir hardast ramma etter at 1.200 LO-medlemmer i bankane gjekk ut i streik frå torsdag morgon. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB SCANPIX.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.