Klargjør siden...

Finanstilsynet anbefaler Vipps-fusjon

Vipps vil overta BankID og BankAxept, men har mangla løyve frå myndigheitene. No er storfusjonen eit skritt nærmare å bli ein realitet.

Finanstilsynet anbefaler departementet å tillate dei tre verksemdene å slå seg saman, under enkelte vilkår, går fram det av ei melding måndag ettermiddag, ifølgje E24.

Frå før har Konkurransetilsynet gjort det same, under føresetnad av at Vipps og det nye selskapet blant anna tilbyr BankID-tenester på ikkje-diskriminerande vilkår til konkurrentar. Finanstilsynet krev dessutan at Vipps etablerer ein kriseplan som sikrar vidareføring av samfunnskritiske funksjonar, knytt til måten BankID blir brukt på til identifikasjon hos offentlege instansar.

- Vi er veldig glade for at Finanstilsynet har gitt ei positiv tilråding til Finansdepartementet, og vilkåra dei legg til grunn er både hensiktsmessige og rimelege, seier Vipps-sjef Rune Garborg.

Det nye selskapet skal levere løysingar innan betaling og identifisering som skal bidra til å forenkle netthandel. Selskapet ønsker å fjerne kortnummer og utløpsdato, fjerne papirfakturaen og sørgje for at Noreg blir først i verda der ein ikkje lenger treng brukarnamn og passord, opplyser dei i ei pressemelding.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Annonse
Annonse
Annonse