Finn Aagaard blir kommunikasjonsansvarleg i Norges idrettsforbund

Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) har henta inn Finn Aagaard (46) som kommunikasjonsansvarleg.

Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) har henta inn Finn Aagaard (46) som kommunikasjonsansvarleg.

Aagaard har over 20 års erfaring med strategisk og operativt arbeid innan kommunikasjon i Nucleus og Forsvaret.

- Ein målretta, tydeleg og open kommunikasjon i alle delar av organisasjonen, og mot samfunnet elles, blir ein viktig føresetnad for å lykkast, og kommunikasjonen skal gå begge vegar. Det betyr at vi skal vere lydhøyre for innspel frå ei engasjert idrettsrørsle, politikarar og andre samfunnsaktørar, seier Aagaard i ei pressemelding.

Aagaard kjem frå Geilo, men bur på Nesodden.

- NIF har ansvaret for omfattande oppgåver der kommunikasjonsarbeidet blir viktig for å lykkast. Kursen som er sett framover vil krevje god kommunikasjon frå NIF mot ulike delar av organisasjonen, og ekstern god dialog med politikarar og andre samfunnsaktørar. Vi føler oss trygge på at vi har funne rett person til denne viktige, spennande og utfordrande stillinga, seier generalsekretær i NIF Karen Kvalevåg.

(©NPK)

Annonse