Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
I 2015 fall dei første dommane. Tre år seinare er fire av ti norske IS-dømde sette fri, ifølgje NRK.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/margunn@npk.no
Publisert: 15.06.2018 kl 20:01
To av dei frisette var framandkrigarar i Syria som begge fekk dommar på over fire års fengsel for å vera med i ein terrororganisasjon. Dei to andre fekk kortare dommar for materiell støtte og forsøk på deltaking i IS.
Politiets tryggingsteneste (PST) strekar overfor NRK under at dei fire blir følgde med på.
- Det er all mogleg grunn til å ha eit vake auge med personar som har sona terrorrelaterte dommar, seier PST-sjef Benedicte Bjørnland.
(©NPK)
Politiets tryggingsteneste (PST) følgjer med på dei IS-dømde som er sette fri. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix