Fiskeridirektoratet vil forby torskefiske i Oslofjorden

Torskebestanden er no så låg i Oslofjorden at Fiskeridirektoratet vil forby fiske. Forslaget er sendt på høyring og gjeld både hobby- og yrkesfiskarar.

Forslaget om fiskeforbod gjeld innanfor grunnlinja frå Telemark til svenskegrensa, fortel NRK.

- Det står dårleg til med fisken i dette området. Tidlegare tiltak viser seg ikkje å ha god nok effekt. Derfor er det nødvendig med nye konkrete tiltak, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Forbodet vil gjelde både for garn på sjøbotnen, og fiske etter torsk med fiskestong eller teiner. Fisketrålarar må også ha sorteringsgarn, fordi det sorterer bort torsk over ein viss storleik.

- Eg tenkjer at eit radikalt forslag må til for å berge det som er, for torsken er nesten heilt borte, seier leiar Øystein Hovde i Skjærgårdstjenesten i Færder og Tønsberg kommunar.

Rekefiskar Geir Uno Dreng fastslår på si side at torskestammen er på veg opp. Han er positiv til eit forbod, men seier det ikkje vil hjelpe utan at det blir grønt lys for jakt på skarv og sel som tar store mengder fisk.

Høyringsfristen går ut i september, medan tiltaka skal tre i kraft frå nyttår.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Annonse