Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Seks personar mista livet då ein bil fullasta med flyktningar og migrantar køyrde av vegen i Hellas. Tre av dei omkomne er barn.
uvakt@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 08.06.2018 kl 13:03
Til saman 16 flyktningar og migrantar var i bilen då den køyrde ut av vegen og krasja i ei steinrøys på ein motorveg nær byen Nea Karvali nordaust i Hellas.
Blant dei seks som omkomne var tre barn i alderen fem, ni og tolv år. Også sjåføren, som er mistenkt for å høyre til ein ring av menneskesmuglarar, omkom.
Dei ti som overlevde, er sende til sjukehus, og tilstanden er alvorleg for to av dei.
Ifølgje lokale styresmakter var flyktningane og migrantane frå Irak og Syria, mens andre kjelder opplyser at dei var frå Iran.
Årsaka til ulykka er førebels ikkje kjent.
Smuglarbilen hadde køyrt over grensa frå Tyrkia i Evors-regionen nordaust i Hellas. Vegen er ei mykje nytta rute for flyktningar og migrantar frå Midtausten, Asia og Afrika som søkjer eit betre liv i Europa.
Ifølgje politiet er bilar som menneskesmuglarane brukar, hyppig innblanda i ulykker fordi bilane ofte er overfylte og held høg fart.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.