Klargjør siden...
Annonse

Fleire meldingar om sjukdom blant hundar som har ete feilprodusert fôr

Fleire titals norske hundeeigarar har opplevd at hundane deira har vorte alvorleg sjuke etter å ha ete feilprodusert tørrfôr frå Felleskjøpet, ifølgje VG.

Fleire eigarar skal ha vorte nøydde til å avlive dyra sine.

Det var i slutten av førre veke at Felleskjøpet trekte fleire parti med kjæledyrfôr frå marknaden. Produsenten opplyste at fôret inneheldt for mykje magnesium, noko som kan føre til at hundar og kattar blir sløve og får diaré.

I etterkant har mange hundeeigarar meldt seg og fortel om store problem, ifølgje VG. Thor Ingar Petterson frå Kongsberg har drive med hundar i 30 år, og har ikkje opplevd maken til den magesjauen som har herja hundane dei siste vekene. Alle dei ti trekkhundane hans av typen alaska husky vart slappe og fekk laus mage i sommar.

- Hundane lakkerte hundegarden brun, fortel han.

På Facebook-sidene til Felleskjøpet fortel fleire hundeeigarar om liknande opplevingar, og fleire beskriv sjukdom som har enda med avliving.

Feilproduksjonen gjeld variantar av fôrmerka Appetitt, Matmons og Labb, opplyser Felleskjøpet Agri, som har lagt ut ei fullstendig liste over produkt det gjeld, på nettsidene sine.

- Vi har no direkte kontakt med fleire kundar som er ramma av denne feilproduksjonen. I enkelte tilfelle der årsakssamanhengen mellom fôr med feil frå den gitte perioden og symptom hos kjæledyret synest klar, er òg utgifter til veterinær dekt, seier kommunikasjonssjef Thomas Skjennald i Felleskjøpet.

Han presiserer at dei har avdekt kva feilproduksjonen kjem av, og veit heilt sikkert at dette har vore avgrensa til ein kortare periode.

(©NPK)

Fôret kan føre til at hundar og kattar blir sløve. Foto: Vegard Grøtt / NTB scanpix

Annonse