Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Natt til fredag var det mindre bevegelse i fjellpartiet Veslemannen. Det har vore fleire steinsprang frå fjellet.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 12.10.2018 kl 08:25
Sist oppdatert: 12.10.2018 kl 10:17
Den øvre delen av fjellpartiet i Romsdalen bevegde seg fredag morgon med ei hastigheit på 31 centimeter i døgnet, mens forflytting har vore på 55 centimeter det siste døgnet, skriv Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i sin morgonrapport fredag. Sjølv om hastigheita har minka, blir den framleis omtalt som høg, og det raude farenivået blir vidareført.
I nedre del av fjellet er bevegelsen på 1,5-2,5 centimeter i døgnet.
Temperaturen har vore lågare, men har halde seg over null gjennom heile natta. Det kjøligare vêret har truleg ført til mindre snøsmelting og vasstilføring, skriv NVE. I løpet av dagen vil temperaturen stige, og det er meldt regn til helga.
Det har vore fleire steinsprang i området, opplyser geolog Ingrid Skrede i NVE til VG og NRK.
Tysdag denne veka heva NVE endå ein gong farenivået til raudt. Det har skjedd fire gonger tidlegare i år. Sidan 2014 har farenivået vore sett til raudt ti gonger.
(©NPK)
Bevegelsen i fjellpartiet Veslemannen minka natt til fredag. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix