Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Sp og Ap får ikkje fleirtal i Stortinget for å fjerne kravet om helseattest for eldre bilførarar.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 06.06.2018 kl 07:40
Sist oppdatert: 06.06.2018 kl 09:53
Torsdag kjem saka opp til votering på Stortinget. Frå før har den vore til behandling i transportkomiteen, der både regjeringspartia Høgre, Venstre og Frp, i tillegg til KrF, gjorde det klart at dei vil stemme imot. Det skriv VG.
Overfor NTB presiserer leiaren av transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Helge Orten (H), at dei vil stemme mot forslaget fordi saka allereie er til vurdering i regjeringa.
- Fleirtalet i komiteen er ikkje imot å gjere endringar i krava til helseattest for bilførarar over 75 år. Vi ønsker å vente på vurderinga til regjeringa før vi tar stilling til om ordninga i dag skal skrotast, eller om den kan erstattast av ei meir forenkla ordning, skriv Orten i ein e-post til NTB.
v:* {behavior:url(#default#VML);} o:* {behavior:url(#default#VML);} w:* {behavior:url(#default#VML);} .shape {behavior:url(#default#VML);} a:link {mso-style-priority:99;} span.MSOHYPERLINK {mso-style-priority:99;} a:visited {mso-style-priority:99;} span.MSOHYPERLINKFOLLOWED {mso-style-priority:99;}
/* Font Definitions */ @font-face {font-family:Tahoma; panose-1:2 11 6 4 3 5 4 4 2 4;} @font-face {font-family:Calibri; panose-1:2 15 5 2 2 2 4 3 2 4;} /* Style Definitions */ p.MsoNormal, li.MsoNormal, div.MsoNormal {margin:0cm; margin-bottom:.0001pt; font-size:11.0pt; font-family:Calibri;} a:link, span.MsoHyperlink {color:blue; text-decoration:underline;} a:visited, span.MsoHyperlinkFollowed {color:purple; text-decoration:underline;} span.EpostStil17 {mso-style-type:personal; font-family:Calibri; color:windowtext;} span.EpostStil18 {mso-style-type:personal-reply; font-family:Arial; color:navy;} @page Section1 {size:612.0pt 792.0pt; margin:70.85pt 70.85pt 70.85pt 70.85pt;} div.Section1 {page:Section1;} Framstegspartiet er imot helseattesten, men ønsker ikkje å fjerne den heilt. Dei ser heller for seg ei forenkling av krava.
- Det bør vere tilstrekkeleg med ein enkel helsesjekk av for eksempel syn, høyrsel, blodtrykk og liknande, seier Tor Andre Johansen (Frp) til avisa.
Han får støtte frå KrF, som meiner forslaget om å skrote heile helseattesten kan svekkje trafikksikkerheita.
- Vi meiner det fjernar den viktige helsevurderinga som bidrar til trygg og sikker åtferd på norske vegar, seier Hans Fredrik Grøvan (KrF).
Lova i dag seier at om ein ønsker å fortsette køyring etter fylte 75 år, må ein gjennom ei helseundersøking hos lege. Det meiner Sp er diskriminerande.
- Vi vil fjerne heile greia, med bakgrunn i at dette både er belastande for enkelte, men det er også ei byråkratisk ordning som kostar samfunnet skilling, seier Ivar Odnes (Sp) i transportkomiteen på Stortinget.
(©NPK)
Ap og Sp vil fjerne kravet om helseattest for eldre. Torsdag blir dei nedstemte på Stortinget. Illustrasjonsfoto: NTB scanpix