Annonse

Florida-politikarar stemte nei til mogleg våpenregulering

Delstatspolitikarar i Florida stemte tysdag imot eit forslag som kunne leidd til forbod mot sal og å eige visse typar våpen.

Demokraten Kionne McGhee la tysdag fram eit forslag i Representanthuset i delstaten om å opne for diskusjon om eit mogleg forbod mot automatgevær og visse typar ammunisjon. Forslaget vart stemt ned med 71 mot 36 stemmer.

Det skjer mindre enn éi veke etter at 17 personar vart skotne og drepne med eit halvautomatisk gevær under ein skulemassakre på Marjory Stoneman Douglas High School i Florida.

Ungdommane lar seg ikkje stoppe

Hundretals ungdommar frå skulen i Parkland tok tysdag bussen sju timar til Floridas hovudstad Tallahassee for å krevje tiltak for å hindre nye skulemassakrar.

Ei av dei var 16 år gamle Lizzie Eaton, som fortel at ho er skuffa over avstemminga.

- Det er skuffande etter at elevar har brukt dagen på å prøve å nå ut til demokratane og republikanarane, seier ho.

- Men vi lar oss ikkje stoppe. Vi skal fortsette å kjempe for det vi trur på.

Ein annan elev, 16 år gamle Noah Kaufman, meiner at politikarane ikkje klarer å sette seg inn i det dei har opplevd.

- Dei stemmer for å la skytinga fortsette å skje. Dei som stemte nei til dette, har ikkje opplevd det vi har. Eg vil gjerne seie til dei «dette kan skje deg».

Elevane planlegg ei større markering i Tallahassee onsdag for å legge press på delstatsmyndigheitene for å vedta strengare våpenlover.

Trump gir ordre om reguleringar

Tysdag skreiv president Donald Trump under på ein ordre om at justisdepartementet må foreslå reguleringar om å forby alle innretningar som kan gjere om lovlege våpen til maskinvåpen.

Reguleringane skal gjerast ferdig dei kommande dagane, opplyste Det kvite hus' talskvinne Sarah Sanders tysdag ettermiddag.

Skal møte ungdommane

Presidenten skal onsdag ha ei høyring om skulesikkerhet der både foreldre, elevar og lærarar ramma av skulemassakrane i Florida, Colorado og Connecticut vil delta.

- Presidenten meiner alle amerikanske barn har rett til å vekse opp i eit trygt samfunn, sa Det kvite hus' talskvinne Sarah Sanders under ei pressebrifing tysdag.

(©NPK)

Cameron Kasky og Jackie Corin frå Marjory Stoneman Douglas High School heldt ein appell for dei andre elevane, før dei sette seg på bussen til Floridas hovudstad. Foto: Gerald Herbert / AP / NTB scanpix

Lizzie Eaton (i midten) seier at avstemminga ikkje vil stoppe elevane frå å kjempe for det dei trur på. Foto: Mark Wallheiser / AP / NTB scanpix

Annonse
Annonse