Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Norsk Flygerforbund håpar framleis på avtale for pilotane med den nye ambulanseflyoperatøren Babcock. Samtidig er det frykt for ny krise blant flyteknikarane.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/margunn@npk.no
Publisert: 19.06.2018 kl 18:54
Flygerforbundet og NHO Luftfart, som forhandlar på vegner av Babcock, tok opp att forhandlingane om ein tariffavtale tysdag morgon.
- Vi håpar framleis det er mogleg å koma fram til ein avtale, skreiv leiar i Flygerforbundet Yngve Carlsen til NTB i ei tekstmelding.
Tysdag ettermiddag var det framleis ingen teikn til gjennombrot.
- Det blir no arbeidd så raskt det går, seier Carlsen, som ved 17.30-tida opplyste at forhandlingane held fram utover kvelden.
Partane sat saman heile fredag og måndag i forsøket på å koma fram til ei semje som gjer at flygarane som arbeider hos noverande operatør, Lufttransport, held fram i jobben når Babcock neste sommar tek over drifta av ambulanseflytenesta. Blir dei samde, kan krisa blant pilotane i ambulanseflytenesta bli avblåst.
Samtidig er det fare for ny krise blant flyteknikarane, skriv NRK.
Sju av 21 teknikarar i selskapet LT Tech, som har ansvaret for vedlikehaldet av ambulanseflya, kan koma til å seia opp jobben.
- Dersom teknikarane mine sluttar, må eg seia frå at eg ikkje kan levera lenger, seier administrerande direktør Erlend Olsen.
Ifølgje Øystein Sandnes i Norsk Helikopteransattes Forbund har det ikkje vore nokon kontakt mellom flyteknikarane og Babcock.
- Vi har ikkje høyrt noko frå Babcock i det heile og føler press og uvisse for kva framtida vil bringa, seier han.
Teknisk direktør Steinar Antonsen i Babcock seier til NRK at selskapet om kort tid vil lysa ut stillingar etter personell som kan driva teknisk vedlikehald på flya som blir etablert i Tromsø.
- Vi er vore interessert i kompetansen som er i Lufttransport, seier han.
Den førre forhandlingsrunden mellom Babcock og pilotane stranda i slutten av april etter at Babcock ikkje fekk gjennomslag for eit krav om at pilotane og fagforeininga fråskriv seg retten til å gå til sak for å behalda løna og arbeidsvilkåra dei har hos Lufttransport.
Etter brotet valde fleire pilotar å slutta på grunn av misnøye og uvisse rundt arbeidsvilkåra hos Babcock. Fleire pilotar melde seg samtidig «uskikket til å fly», noko som har gått hardt utover ambulanseflyberedskapen.
(©NPK)
Administrerande direktør Erlend H. Olsen i LT Tech AS i hangaren på basen til Lufttransport i Tromsø. Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.