Klargjør siden...
Annonse

FN: 250.000 menneske i fare i hamneby i Jemen

FN åtvarar om at eit angrep på hamnebyen Hodeida i Jemen kan komme til å koste opptil 250.000 liv.

- Eit militært angrep eller ei kringsetjing av Hodeida vil påverke hundretusenvis av uskyldige sivile. I verste fall fryktar vi at så mange som 250.000 menneske kan miste alt, sjølv livet, seier FNs humanitære koordinator Lise Grande Grande, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

FN anslår at det no bur 600.000 menneske i og rundt Hodeida.

Tysdag retta USA ei åtvaring mot Saudi-Arabia, som er alliert med landet, om ikkje å innleie eit angrep mot byen. Det skjedde etter at saudistøtta jemenittiske regjeringsstyrkar hadde rykka framover mot byen slik at dei tysdag berre stod 10 kilometer unna.

Ein stor del av Jemens befolkning er avhengig av humanitær hjelp, og både FN og andre hjelpeorganisasjonar brukar hamnebyen til å få hjelpa inn til det krigsherja landet.

Krigen står mellom dei saudistøtta regjeringsstyrkane og houthi-opprørarane, som blant anna kontrollerer Hodeida.

Saudi-Arabia meiner at houthiane er støtta av Iran.

(©NPK)

Saudi-støtta militssoldatar på patrulje i Hodeida. Byen ligg ved Raudehavet og er svært viktig for å sikre leveransar av nødhjelp til Jemens befolkning. Foto: Nariman El-Mofty / AP / NTB scanpix

Annonse
Annonse