FN: 45.000 syrarar på flukt frå Aust-Ghouta
Om lag 45.000 syrarar har dei siste dagane flykta frå heimane sine i den omringa forstaden Aust-Ghouta utanfor Damaskus, opplyser FN.
Syriske regimestyrkar har sidan midten av februar drive ein kraftig offensiv mot Aust-Ghouta, som har vore kontrollert av syriske opprørarar sidan 2013.
Tysdag opplyser FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) at 45.000 menneske har flykta frå området dei siste dagane.
- Samtidig er fleire hundre tusen menneske fanga i kamphandlingane og i akutt behov for hjelp, seier UNHCR-talsmann Andrej Mahecic.
Talsmannen opplyser vidare at UNHCR ikkje er involvert i evakueringa av sivile frå Aust-Ghouta til regimekontrollerte område nærmare Damaskus sjølv om FN har vore til stades ved nokre mellombelse mottakspunkt.
- Mangelen på telt og anna nødvendig utstyr er urovekkjande, og UNHCR har levert 180.000 pakker med utstyr som madrassar, teppe, vinterklede og kjøkkenutstyr, seier Mahecic.
UNHCR krev å få full og uhindra humanitær tilgang til sivile både inne i og utanfor Aust-Ghouta.
(©NPK)
Dette bilde som er offentleggjort av det statlege syriske nyheitsbyrå SANA. viser sivile som flyktar frå det krigsherja Aust-Ghouta utanfor Damaskus. Foto: AP / NTB scanpix