Klargjør siden...
Annonse

FN: Desperate syriske flyktningar manglar helsetilbod - barn døyr

Titusenvis av stadig meir desperate syriske flyktningar som sit fanga i eit ørkenområde i Sør-Syria, må få tilgang til grunnleggjande helsetenester, ber FN.

På 48 timar har to babyar døydd like ved grenseovergangen Rukban mellom Syria og Jordan. Dei to barna var ein fem dagar gammal gut og ei fire månader gammal jente, opplyste Unicef onsdag. Foreldra deira hadde inga moglegheit til å få dei på sjukehus.

- Endå ein gong oppfordrar Unicef alle partar i konflikten i Syria og dei som har innflytelse over dei, til å opne for og gjere det enklare å få tilgang til grunnleggjande tenester, deriblant helsetenester for barn og familiar, seier Unicefs direktør for Midtausten og Nord-Afrika, Geert Cappalaere.

- Dette er det aller minste for å behalde menneskeleg verdigheit, legg han til.

Anslagsvis 45.000 menneske, for det meste kvinner og barn, er fanga i det ubebudde ørkenområdet ved grensa til Jordan og Irak. Ifølgje Cappalaere vil forholda bli endå verre når kulda set inn. Om vinteren kan temperaturen falle til under null.

- Det er på tide å setje ein endeleg sluttstrek for krigen mot barn. Historia vil dømme oss, og dødsfalla blant barn, som i mange tilfelle kunne vore forhindra, vil fortsetje å forfølge oss, seier han.

Området blei erklært som ei sperra militær sone etter at IS sprengde ei sjølvmordsbombe som tok livet av sju jordanske soldatar i juni 2016.

Etter førespurnad frå FN har Jordan gitt løyve til fleire nødhjelpsleveransar, men grensa forblir stengt.

På jordansk side finst det éin klinikk som tar akutte tilfelle, men den har ikkje avansert sjukehusutstyr.

(©NPK)

Innbyggjarane i Rukban-leiren har inga moglegheit til å ta seg til sjukehus viss dei blir alvorleg sjuke. Foto: Raad Adayleh / AP / NTB scanpix