Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
- Barn er ikkje, og må aldri vere målet for valdshandlingar, seier UNICEF, som saman med FNs tryggingsråd fordømmer drapet på minst 48 avgangselevar i Kabul.
nina.holand@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 16.08.2018 kl 07:14
Afghanistans president Ashraf Ghani var raskt ute med å fordømme sjølvmordsangrepet mot elevane på ein privatskule i Afghanistans hovudstad onsdag.
- Ved å angripe utdannings- og kulturinstitusjonar har terroristane vist at dei er imot alle dei islamske prinsippa om at både menn og kvinner skal lære og studere, seier Ghani i ei fråsegn.
UNICEF-sjef Henrietta Fore seier organisasjonen er djupt bekymra over det aukande talet på angrep i Afghanistan, spesielt dei siste vekene, og der barn er hardast ramma.
Også FN har gått hardt ut og seier dei fordømmer det «avskyelege og feige terrorangrepet».
Sjølvmordsbomba var retta mot sjiamuslimske afghanarar, som fleire gonger er blitt offer for angrep frå ekstremistar. Dei fleste offera skal ha vore elevar i 18-årsalderen. I tillegg vart minst 67 menneske såra, ifølgje helsedepartementet. Styresmaktene fryktar at dødstalet kjem til å stige.
IS blir skulda for å stå bak angrepet, men dei har ikkje tatt på seg ansvaret.
(©NPK)
Kroppen til eitt av offera for sjølvmordsbomba på ein privatskule i Kabul onsdag, blir frakta ut av området. Foto: Rahmat Gul / AP / NTB scanpix