Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Eit føl er stadfesta smitta av ein salmonellabakterie, og det er mistanke om at ytterlegare 17 hestar er smitta, opplyser Mattilsynet.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kari@npk.no
Publisert: 11.06.2018 kl 17:11
Alle hestane har vore stalla opp på Hesteklinikken ved NMBU veterinærhøgskolen i Oslo. I tillegg til føllet og dei 17 hestane, blir det også tatt ut prøver av mange hestar som kan ha vore i kontakt med det smitta føllet.
Salmonellabakteriane forårsakar sjukdommen salmonellose hos dyr og menneske. Salmonella Typhimurium, som føllet er smitta av, er ein av over 2.500 variantar. Salmonella er sjeldan hos norske husdyr og i norsk mat, men bakterien finst i naturen i Noreg, hovudsakleg hos fuglar og piggsvin.
Folkehelseinstituttet anbefaler alle som har kontakt med hestar som kan vere smitta, om å vere ekstra nøye med handvask for å unngå å spreie smitten.
(©NPK)
Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB Scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.