Førebels kontroll på brannen på Ytre Sula 

Brannvesenet fekk natt til tysdag førebels kontroll på gras- og lyngbrannen nær Trovåg på øya Ytre Sula i Solund kommune i Sogn og Fjordane. 

- For augneblinken er det kontroll på brannen. Dei to helikoptera har gitt seg for natta og det er 20 til 30 personar ute i området, som kjem til å gå der i heile natt, seier vaktkommandør Ronald Drotningsvik i 110-sentralen til NTB klokka 0.20.

Brannvesenet fekk melding om brannen klokka 17.06.

- Sidan har den tatt seg kraftig opp. No er det ein stor brann, sa operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt til NTB rundt tre timar seinare.

Fleire hus og hytter i området vart evakuerte, men Drotningsvik seier bebuarane har fått flytte heim.

- Brannsjefen seier dei føler dei har kontroll per no, men det er stiv kuling og vinden kan føre til at det blussar opp igjen. Då vil vi sette inn igjen helikoptera når det blir lyst.

Ifølgje Sætre er vindretninga gunstig, slik at brannen nærmar seg sjøen og dermed er ikkje busetnaden trua.

- Sivilforsvaret er framleis på plass, men dei ventar på meir utstyr, seier vaktkommandøren.

(©NPK)

Brannvesenet fekk melding om brannen på Ytre Sula i 17-tida måndag. Foto: Politiet / NTB scanpix

Annonse