Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Ordkrigen mellom USA og Russland er svært farleg, meiner forskar Kristian Berg Harpviken. At Donald Trump er under hardt press, gjer situasjonen enda farlegare.
trine.andersen@ntb.no/hallvard@npk.no
Publisert: 12.04.2018 kl 15:48
- Situasjonen er mykje meir eksplosiv no enn for eit par dagar sidan, slår Harpviken fast.
Dei siste dagane har USA og andre vestlege land trua med rakettangrep mot Syria som svar på det antatte kjemiske angrepet i byen Douma.
Russlands ambassadør i Libanon har trua med å skyte rakettane ned og angripe utskytingsstadene. Trump har bedt Russland gjere seg klar, ettersom rakettane «vil komme».
- Eg meiner det no er ein svært reell risiko for direkte samanstøytar mellom USA og Russland, seier Harpviken, som tidlegare var leiar i fredsforskingsinstituttet Prio.
Harpviken understrekar at det godt kan hende at truslane eigentleg berre er meint som pressmiddel.
Men i ein slik situasjon er det alltid fare for at «bordet fangar». Partane kan føle seg tvinga til å gjere det dei har trua med, for ikkje å miste truverd.
- Situasjonen er uoversiktleg, og avgjerdene blir tatt veldig raskt. Da oppstår det rom for misforståingar.
Prio-forskaren meiner det står mykje på spel både for Russland og USA. Russarane, som er alliert med den syriske presidenten Bashar al-Assad, har så langt følt at dei har lykkast godt med Syria-strategien sin.
Moglege vestlege rakettangrep mot Assad-styrkane kan få russarane til å frykte eit tilbakeslag.
I tillegg peikar Harpviken på at Trump er kjent som ein uføreseieleg politikar - noko som aukar risikoen for misforståingar.
Han meiner det er svært urovekkjande at situasjonen mellom USA og Russland har tilspissa seg samtidig som Trump er hardt pressa av FBI og spesialetterforskar Robert Mueller.
Trump kan komme til å bruke konflikten med Russland til å ta merksemda bort frå etterforskinga, meiner Harpviken. Han trur dette aukar faren for eskalering av konflikten.
Det føderale amerikanske politiet FBI gjennomførte denne veka ein razzia hos ein av dei personlege advokatane til Trump. Politifolka skal ha beslaglagt materiale i samband med utbetalinga av 130.000 dollar til pornostjerna Stormy Daniels, som hevdar å ha hatt sex med Trump.
Mueller prøver å finne ut om nokon av medarbeidarane til Trump samarbeidde med Russland i 2016 for å få Trump valt til president. Fleire tidlegare Trump-medarbeidarar har vorte sikta for økonomisk kriminalitet eller falsk forklaring.
Etter at han vart president, har Trump markert seg med ei forsonande haldning til Russland. Men den siste tida har han tilsynelatande vorte meir kritisk.
Harpviken karakteriserer Twitter-meldinga frå Trump om rakettar som skal komme til Syria, som ei krigserklæring.
- Eg meiner dette er ein svært, svært farleg situasjon, seier han til NTB.
USA og Russland er dei to største atommaktene i verda, og konsekvensen av ein krig mellom dei kan i verste fall bli ein total global katastrofe. Men Harpviken trur ikkje det vil gå så langt.
Han seier landa har tett kontakt med kvarandre, og at det er mogleg å roe ned situasjonen også etter eventuelle væpna samanstøytar.
- Det er mykje meir sannsynleg at vi unngår ein tredje verdskrig, enn at ein tredje verdskrig bryt ut.
Torsdag skreiv Donald Trump på Twitter at han aldri har sagt når Syria skal angripast, og at det er mogleg at det blir lenge til. Russlands president Vladimir Putin sa dagen før at han håper at «sunn fornuft vinn til slutt».
(©NPK)
USAs president Donald Trump og fleire andre vestlege land har trua med rakettangrep på Syria. Foto: AP/NTB scanpix
Russlands president Vladimir Putin har sagt han håper «sunn fornuft vinn til slutt». Foto: AP/NTB scanpix
Spesialetterforskar Robert Mueller prøver å finne ut om Trumps medarbeidarar samarbeidde med Russland i valkampen i 2016. Foto: AP/NTB scanpix