Klargjør siden...

Forskar meiner det ikkje er eit helsemessig problem å vere overvektig

Overvekt er den nye normalen. - Vi bør kanskje endre BMI-skalaen for å følgje utviklinga, meiner forskar.

- Dette er den standarden vi er vande til, men i dag er det mest normalt å vere overvektig, så det spørs i grunnen om vi må endre standarden, seier Steinar Krogstad til NRK. Han er leiar av den store helseundersøkinga HUNT som er gjennomført sidan 1984. HUNT 4 kom i gang hausten 2017 og varer til januar 2019.

Sju av ti nordmenn er i dag overvektige. Det betyr at ein har ein kroppsmasseindeks (BMI) på mellom 25 og 30. Har ein over 30, blir det rekna som eit fedmeproblem.

- Ein seier jo ofte at det som er gjennomsnittleg er normalt, men når det som er normalt har endra seg såpass mykje, så er vi i ein spesiell situasjon, seier forskaren.

Ifølgje Krokstad så er det ikkje eit helsemessig problem å vere overvektig. Problema kjem når ein får fedmeplager. Då er ein meir utsett for diabetes type 2, slitasjegikt og andre kroppssmerter.

(©NPK)

Helseforskar meiner det ikkje er eit helsemessig problem å vere overvektig. Problema kjem når ein får fedmeplager. Då er ein meir utsett for diabetes type 2, slitasjegikt og andre kroppssmerter. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix