Klargjør siden...
Annonse

Forslag om å tillate kvalfangst nedstemt

Framlegget frå Japan om å oppheve forbodet mot kommersiell kvalfangst vart fredag nedstemt i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC).

Framlegget frå Japan om å oppheve forbodet mot kommersiell kvalfangst vart fredag nedstemt i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC).

41 land stemte mot forslaget, mens 27 land stemte for. To land avstod frå å stemme. Japan måtte ha tre firedels fleirtal for å få framlegget godkjent.

I eit intervju med NTB torsdag sa Noregs kvalfangstkommissær Ole-David Stenseth at han tvilte på at kommisjonen kom til å gå med på å tillate kommersiell kvalfangst, men at Noreg kom til å vere blant landa som stemte for.

- Vi kjem til å støtte dette forslaget og alle andre forslag som normaliserer organisasjonen. Då han vart oppretta i 1946, var målet å leggje til rette for bevaring og berekraftig kvalfangst, og det å oppheve moratoriet kan bidra til dette, sa Stenseth.

Den internasjonale kvalfangstkommisjonen har sidan 1986 hatt forbod mot kommersiell kvalfangst. Noreg og Island er dei to einaste landa som har reservert seg mot forbodet. Dei driv kvart år kommersiell fangst på hundrevis av kvalar.

Japan har utnytta eit smetthol i regelverket som gjer at dei kan drive kvalfangst til forskingsføremål. Kvalane dei tek, hamnar likevel på marknaden i Japan òg.

Japan ønskte å fjerne forbodet frå 2020 på dei kvalartane som ikkje er utryddingstrua.

Etter at forslaget vart nedstemt, trua Japans visefiskeriminister Masaaki Taniai med å gå ut av medlemsorganisasjonen dersom det ikkje blir opna for gjenopptaking av kommersiell kvalfangst.

- Viss vitskaplege bevis og mangfald ikkje blir respektert, og dersom kommersiell kvalfangst framleis skal vere heilt forbode, blir Japan nøydd til å gjere ei grundig revurdering av posisjonen sin som medlem av Kvalfangstkommisjonen, sa han.

(©NPK)

Medlemslanda i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) stemte fredag ned eit forslag om igjen å opne for kommersiell kvalfangst. Foto: Maxi Jonas / AP Photo / NTB scanpix

Annonse
Annonse
Annonse