Første rute for sjølvkøyrande buss i Noreg godkjent

For første gong har Samferdselsdepartementet godkjent ei rute for sjølvkøyrande buss i trafikken. Men framleis er det mange avgrensingar på køyringa.

Det er kollektivselskapet Kolumbus i Rogaland som har fått godkjenninga, og den førarlause bussen skal frakte folk til og frå jobb på Forus mellom Sandnes og Stavanger. Ifølgje selskapet er det første gong det blir gitt eit slikt løyve i Skandinavia.

Lovverket tillèt framleis ikkje køyretøy heilt utan førar på norsk veg, så det vil heile tida vere ein tilsett om bord som kan trykkje på bremsen dersom det skulle oppstå ein farleg situasjon.

Samferdselsdepartementet har heller ikkje gitt bussen løyve til å køyre i meir enn 12 kilometer i timen. Det vert også ei avgrensing på seks personar om bord.

Formålet med bussruta er å gjere det enklare for folk å reise kollektivt til jobb. Dei sjølvkøyrande bussane skal gå i shuttletrafikk mellom busshaldeplassar og arbeidsplassar i industri- og kontorområdet Forus i grenseområdet mellom Stavanger, Sandnes og Sola. Mellom 40.000 tilsette i 3.500 bedrifter jobbar i dette området.

Bussruta skal etter planen starte opp i juni.

(©NPK)

Det er ein buss av denne typen - Easy Mile - som skal trafikkere strekninga. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix.

Annonse