Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Vedtaket om å legge ned Andøya flystasjon har ført til stor mangel på teknikarar. Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen kallar situasjonen «kritisk».
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kjell@npk.no
Publisert: 01.06.2018 kl 19:10
Etter at det avgjort at flystasjonen på Andøya skal leggjast ned i 2022, og at dei maritime overvakingsflya blir flytta til ein nybygd base på Evenes, har mange av dei som jobba på Andøya slutta, ifølgje NRK.
Sluttar enda fleire, kan det føre til at overvakinga av havområda i nord kan bli kraftig redusert frå hausten, var beskjeden frå dei tillitsvalde til forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen før han kom til flystasjonen for å møte dei tilsette fredag ettermiddag.
Etter møtet innrømma forsvarssjefen at bemanningssituasjonen på Andøya er problematisk.
- Den er prekær og kritisk, som dei tilsette sjølv har understreka. Vi er langt under det vi tidlegare kategoriserte som minimum, seier Bruun-Hanssen til rikskringkastaren.
Dei tilsette på Andøya skildrar møtet med forsvarssjefen som konstruktivt.
- Forsvarssjefen har erkjent at det har gått for sakte, og at dei skal sette i verk tiltak for å møte den enkelte tilsette som fort som mogleg, seier Hanna Mikalsen, leiar Befalets Fellsorganisasjon på Andøya.
(©NPK)
Eitt av Orion-flya til forsvaret får full overhaling i ein hangar på Andøya flystasjon. Foto: Tore Meek / NTB scanpix.