Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Norges Fotballforbund (NFF) har som mål å teste ut videoassistert dømming (VAR) i NM neste år.
stian.johnsen@ntb.no/hallvard@npk.no
Publisert: 25.07.2018 kl 13:10
Det avslører fungerande generalsekretær Kai-Erik Arstad i NFF i eit intervju med TV 2.
Etter suksessen med VAR under VM i Russland uttalte konkurransesjef Nils Fisketjønn i Norges Fotballforbund i eit intervju med NTB at forbundet er positiv til nyvinninga.
No varslar Arstad om konkrete planar, men utan å love noko.
- Vi har eit internt mål om å teste ut VAR på ein cupkamp neste haust, altså i 2019. Men det er ikkje noko vi kan love. Det er mykje som skal falle på plass, og vi må avklare bemanning og kompetanse. 2019 er uansett den interne målsetjinga vår, seier han.
Ei innføring av VAR er venta å koste mellom 15-20 millionar kroner, og det må bli eit spleiselag mellom forbundet og eliteserieklubbene, har NFF opplyst.
- Finansieringa er kanskje det aller viktigaste spørsmålet. Dette er kostbart, både på investeringssida og på driftssida. Så det må bli eit spleiselag mellom NFF sentralt og toppklubbene. Nøyaktig korleis det skal skje, veit vi ikkje enno, seier Arstad.
(©NPK)
Videoassistert dømming (VAR) kan bli testa i norsk fotball allereie neste år. Foto: Thanassis Stavrakis / AP / NTB scanpix
Kai-Erik Arstad (t.h.) seier at Norges Fotballforbund har som mål å teste ut VAR i cupen neste år. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix