Annonse

Fotballtoppen: Kane øvst, 20 mann verdsett til over 1 milliard

Tottenhams Harry Kane toppar lista over dei dyraste fotballspelarane i verda med ein pris på svimlande 1,91 milliardar kroner.

Det er CIES Football Observatory som har rekna på moglege salsprisar. Der jobbar ei stor gruppe fotballekspertar, økonomar og statistikarar.

Dei har komme fram til at 20 spelarar er verdt over 1 milliard kroner halvanna veke før fotball-VM i Russland. Måljegeren Kane er Englands kaptein, er i perfekt alder (24 år) og har ein ny sterk sesong i Tottenham bak seg. Dette er element som sender han til topps.

Stillinga bak Kane: 2) Neymar, PSG 1,85, 3) Kylian Mbappé, PSG 1,77, 4) Lionel Messi, Barcelona 1,74, 5) Mohamed Salah, Liverpool 1,62, 6) Dele Alli, Tottenham 1,62, 7) Kevin De Bruyne, Manchester City 1,58, 8) Antoine Griezmann, Atlético Madrid 1,56, 9) Paulo Dybala, Juventus 1,55, 10) Romelu Lukaku, Manchester United 1,55.

Danske Christian Eriksen (Tottenham) er nummer 20 og snikjer seg som sistemann over milliardgrensa.

33-åringen Cristiano Ronaldo (Real Madrid) er helt nede på 24.-plassen med ein verdi på 982,3 millionar kroner.

Ingen nordmenn er inne på topp-100 i verda.

(©NPK)

Harry Kane er den mest verdifulle i fotballverda. Foto: Steven Paston, AP / NTB scanpix

Annonse