Fotgjengar alvorleg skadd etter påkøyrsel i Fredrikstad
Fotgjengaren som fredag ettermiddag vart påkøyrd på Rolvsøy i Fredrikstad, blir karakterisert som alvorleg skadd.
Det opplyser Aust politidistrikt på Twitter. Ulykka skjedde på fylkesveg 109, Rolvsøyveien.
– Ein person er medvitslaus. Luftambulanse er på veg, seier operasjonsleiar Ronny Samuelsen i Aust politidistrikt til Fredriksstad Blad.
Han seier bilisten har køyrt på fotgjengaren i eit fotgjengarfelt.
(©NPK)