Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Tilstanden for ei kvinne i 70-åra var måndag framleis kritisk etter ulykka søndag der ein minibuss og ein turistbuss kolliderte i Stryn i Sogn og Fjordane.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/karoline@npk.no
Publisert: 04.06.2018 kl 13:42
Kvinna var blant dei skadde etter at ein minibuss og ein turistbuss med til saman 39 koreanske og belgiske turistar kolliderte front mot front like utanfor ein tunnel på fylkesveg 60 ved Staveneset søndag ettermiddag.
Saman med to menn på 70 og 74 år blei kvinna frakta til Haukeland sjukehus i Bergen etter ulykka. Sykehuset opplyser måndag at kvinnas tilstand framleis er kritisk. For mennene er skadeomfanget framleis definert som alvorleg skadd, opplyser Haukeland sjukehus på sine nettsider.
I alt 21 menneske blei skadd i kollisjonen.
Politiet melde om ulykka klokka 14.37 søndag. Spor på staden kunne tyde på at det var minibussen som hadde komme over i motgåande køyrefelt.
(©NPK)
21 personar blei skadd da at ein buss og ein minibuss kolliderte på fylkesveg 60 ved Staveneset i Stryn i Sogn og Fjordane søndag. Foto: Odd Sindre Tonning/Fjordingen / NTB scanpix