Klargjør siden...
Annonse

Framleis leiteaksjonar etter orkanen Michael

Sju personar har mista livet som følgje av den svært kraftige orkanen Michael, som trefte Florida onsdag og fortsette vidare mot fleire andre delstatar.

Minst sju personar er bekrefta omkomne i Florida, Georgia og North Carolina, ifølgje Reuters som siterer styresmaktene.

Minst fire av personane omkom i Panhandle-området nordvest i Florida. I området Mexico Beach midt i Panhandle er hus totaløydelagde av vind og stormflo, båtar ligg slengt inn i hagar og gatene er fylte med tre og straummaster.

Ifølgje ABC News er no totalt over 1,2 millionar bustadar og bedrifter straumlause.

Leitar etter omkomne

Florida-guvernør Rick Scott seier ekstremvêret har ført til utruleg store øydeleggingar og at leitemannskapa jobbar i dei utsette områda for å finne overlevande og eventuelt fleire offer.

- Eg er veldig bekymra for innbyggjarane våre som ikkje evakuerte, og eg berre håpar at vi ikkje har mange tapte liv, seier han til ABC.

Ifølgje det amerikanske militæret er over 2.000 soldatar sende til området. USAs president Donald Trump seier torsdag at regjeringa lovar å hjelpe offera.

- Våre hjarte er med dei tusenvis som har fått eigedommar øydelagt, i fleire tilfelle heilt knust. Vi vil ikkje stoppe eller kvile før jobben er gjort og alle er gjort greie for, seier han.

Svært kraftig orkan

Uvêret trefte kysten som ein kategori 4-orkan med ein vindstyrke på nesten 70 meter per sekund. Det er den kraftigaste orkanen som har treft dette området på hundre år.

Vinden minka likevel raskt etter kvart som orkanen bevegde seg innover i landet. Då den låg over Georgia, vart den nedgradert til kategori 1. Torsdag vart det meldt at fleire tornadoar hadde ramma delstaten som følgje av uvêret. I fleire andre delstatar, som North Carolina og Virginia, er det meldt om flaumar.

Forsikringsselskapet Karen Clark & Company, som lagar statistikkar for slike katastrofar, estimerer at orkanen vil komme til å koste rundt 8 milliardar dollar, rundt 65 milliardar kroner.

Michael passerte torsdag South Carolina og North Carolina, og uvêret går no vidare ut i Atlanterhavet.

(©NPK)

Øydeleggingane er store ved Mexico Beach, der det bur 1.200 menneske. Foto: Douglas R. Clifford / Tampa Bay Times via AP / NTB scanpix

Mange hus er øydelagde ved Mexico Beach i Florida etter at orkanen Michael for gjennom området onsdag. Foto: Chris O'Meara / AP / NTB scanpix