Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Europeiske land må presse hardare tilbake mot USAs president Donald Trump, meiner Frankrikes finansminister Bruno Le Maire.
uvakt@ntb.no/johanne@npk.no
Publisert: 11.05.2018 kl 19:46
Europa bør ikkje godta at USA tar rolla som verdas økonomiske politimann, seier Le Maire i eit intervju med radiokanalen Europe1.
- Skal vi vere eit lydrike som lyder avgjerder tatt av USA medan vi klamrar oss til buksene deira? Eller skal vi heller seie at vi har våre eigne økonomiske interesser, og vi vil halde fram med å drive handel med Iran? spør Le Maire.
Bakteppet er at president Donald Trump har trekt seg frå atomavtala med Iran og truga med sanksjonar som også kan ramme europeiske bedrifter med aktivitet i landet.
(©NPK)
Bruno Le Maire er finansminister i Frankrike. Foto: Valentina Petrova / AP / NTB scanpix