Klargjør siden...

Fredsprisen heidrar kampen mot valdtekt som våpen

Nadia Murad og Denis Mukwege gler seg over fredspristildelinga og håpar ho gir ei stemme til kvinnelege krigsoffer over heile verda.

Nobelkomiteen kunngjorde fredag at dei to får fredsprisen for 2018 for kampen deira mot seksualisert vald brukt som våpen i krig og væpna konflikt.

Den kongolesiske legen Denis Mukwege er hjelparen som har via sitt liv til ikkje berre å behandle offera, men også tale deira sak. Irakiske Nadia Murad er vitnet som fortel om overgrep mot seg sjølv og andre yazidi-kvinner.

- Dei har på kvar sin måte bidratt til å gjere seksualisert vald i krig meir synleg, slik at gjerningsmennene kan stillast til ansvar, heiter det i Nobelkomiteens grunngjeving.

På operasjonsstova

Då kunngjeringa kom, var Mukwege på operasjonsstova i Panzi-sjukehuset i Bukavu aust i Kongo.

I nesten 20 år har han operert kvinner som er blitt skadde som følgje av grufulle valdtekter og seksuell mishandling - men også talt deira sak. Prisen er ei anerkjenning av lidingane kvinnene har gjennomgått, men også av at ein har svikta dei, påpeikte Mukwege då han møtte jublande kvinner og medium utanfor sjukehuset.

- Denne prisen gir valdtekne kvinner eit håp om at dei ikkje er gløymde og at verda veit kva dei gjennomgår, seier han.

Krev rettferd

- Eg håpar prisen vil gi rettferd til kvinner som har lidd som følgje av seksuell vald, seier Murad i eit intervju publisert av Nobelinstituttet.

Murad fortel at det ikkje er lett for henne og andre kvinner å snakke om overgrepa dei er blitt utsette for, men ho meiner prisen vil gi ei stemme til alle dei kvinnelege offera.

Ho minner dessutan om at hennar folk vart utsett for overgrepa berre fordi dei hadde ei anna tru og ytrar håp om at folk kan leve i fred med kvarandre, uansett religion.

Forsvarar for verdigheita

Nobelkomiteens val av fredsprisvinnarar vekkjer anerkjenning og respekt både i Noreg og internasjonalt.

- Ved å heidre desse som forsvarar den menneskelege verdigheita vår, anerkjenner prisen og dei tallause offera rundt om i verda som altfor ofte har blitt stigmatiserte, gøymde bort og gløymde. Dette er også deira pris, seier FNs generalsekretær António Guterres i ei pressemelding.

- Dagens to vinnarar har på forskjellige måtar bidratt til å rette søkelyset mot seksualisert vald, ved å hjelpe kvinner som er blitt angripne og misbrukte og ved å gi ei stemme til offera, seier statsminister Erna Solberg (H).

- Fantastisk viktig!

Ein etterlengta pris, seier generalsekretær Jan Egeland i Flyktninghjelpen, som nominerte Mukwege allereie i 2008. Sidan har SV-leiar Audun Lysbakken og partifelle Karin Andersen nominert den kongolesiske legen i mange år.

- Ein fantastisk viktig fredspris! Vald og overgrep mot kvinner vert i dag brilt som eit systematisk og grufullt våpen i krig, seier Lysbakken.

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg takkar fredsprisvinnarane for arbeidet deira.

- Takk for deira utrøyttelege innsats for å setje eit skarpt søkjelys på og for å få ein slutt på dei mørkaste av lovbrot - seksuell vald som våpen i krig, skriv Stoltenberg på Twitter.

Nobelkomiteens leiar Berit Reiss-Andersen håpar årets tildeling vil bevisstgjere verda.

- Den viktigaste grunngjevinga er at seksuelle overgrep mot kvinner i krig og konflikt bidrar til å halde konfliktar ved lag og til å auke lidingane til sivilbefolkninga. Den innsatsen Mukwege og Murad har lagt ned bidrar til å synliggjere lidingane til offera i krig, seier ho.

Berit Reiss-Andersen, leiar av Nobelkomiteen gratulerer Denis Mukwege og Nadia Murad med årets fredspris på Nobelinstituttet fredag. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Yazidi-kvinna Nadia Murad vart kidnappa, seld og brukt som sexslave av IS. Ho klarte å rømme i 2014 og har sidan delt historia si. Dermed gav ho krigs- og overgrepsoffera eit ansikt og skapte merksemd om dei brutale handlingane. Arkivfoto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Denis Mukwege blir hylla på Panzi-sjukehuset i Bukavu i Aust-Kongo etter beskjed om at han er tildelt Nobels fredspris 2018.
Foto: Kirkens Nødhjelp / NTB scanpix

Denis Mukwege har brukt store deler av sitt vaksne liv til å hjelpe offera for seksualisert vald i Kongo Han har vore nominert til Nobels fredspris fleire gonger tidlegare og i år var tida endeleg inne. Arkivfoto: Berit Roald / NTB scanpix.

Nobelkomiteens leiar Berit Reiss-Andersen vil ha ein medvit om at valdtekt og overgrep faktisk er krigsforbrytelser og at det er nødvendig å straffeforfølgje dei som gjer overgrepa. Til høyre står Nobelkomiteens sekretær Olav Njølstad. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Annonse