Klargjør siden...
Annonse

Frp: Kommunane har råd til å oppfylle barnehagekrav

Overskot i kommunar som ikkje innfrir den nye barnehagenorma, bør brukast til å betale for den, meiner Frp. Konklusjonen får KS til å reagere.

I berre fire av dei 99 kommunane som ikkje oppfyller bemanningsnorma, er overskotet for lite til å finansiere den. Det viser 2017-tal frå interesseorganisasjonen til kommunane KS som Framstegspartiet har sett saman.

- Eg meiner dei 99 kommunane, av dei 46 er styrt av Arbeidarpartiet, bør vere villige til å sikre auka bemanning i barnehagar. Og med overskotet i 2017 har dei all moglegheit til å gjere dette, seier utdanningspolitisk talsperson i Frp Åshild Bruun-Gundersen til NTB.

Ho viser til at Bergen i fjor hadde eit overskot på 1,1 milliardar kroner, og at det vil koste kommunen 83 millionar å følgje norma.

- Det viser at det er rom for å følgje norma, dersom ein evner å prioritere, seier Frp-politikaren.

Norm vedtatt

Den nye bemanningsnorma for barnehagane blei torsdag vedtatt i Stortinget. Norma går ut på at det maks skal vere tre barn under tre år per voksen og maks seks barn over tre år per voksen i norske barnehagar frå 1. august i år.

KS stadfestar talgrunnlaget Frp legg fram, men meiner det blir altfor enkelt å krevje bruk av overskotet til kommunane til å innfri norma.

- Å argumentere mot varig fullfinansiering av eit statleg pålegg med at det er oppstått ein overraskande eingongsinntekt i 2017, har eg veldig vanskeleg for å sjå finst god og sakleg argumentasjon for, seier Helge Eide, områdedirektør for interessepolitikk i KS, til NTB.

Ap: Frp forstår ikkje kommuneøkonomi

Han peiker på at 2017 var eit spesielt godt år for kommunane på grunn av høgare skatteinntekter. Men framover er det små forventningar til at kommuneøkonomien blir like god.

Ap meiner utspelet viser at Frp ikkje forstår kommuneøkonomi.

- Ingen ansvarlege kommunar vil bruke eingongsinntekter på varige driftsutgifter. Det er å gamble med pengane til innbyggjarane, seier utdanningspolitisk talsperson i Ap Martin Henriksen.

- Regjeringa fortset ansvarsfråskrivinga og skubbar rekninga for si eiga bemanningsnorm over på alle andre. Det er tafatt og lite ambisiøst, seier han.

KrF-krav

Utdanningspolitisk talsmann i KrF Hans Fredrik Grøvan seier oppfylling av norma i år først og fremst handlar om å lage ein overgangsordning for dei private barnehagane, spesielt dei små.

- Men vi vil også betre finansieringa for dei kommunane som framleis manglar middel etter ein rettferdig fordeling, seier han til NTB.

Grøvan vil ikkje svare direkte på om han er einig eller usamd i at dei kommunane som ikkje innfrir norma, allereie har nok pengar.

- Vi steller oss til dei tala vi har fått frå KS. Kan det leggjast fram dokumentasjon på at dei kommunale behova har endra seg, vil vi sjølvsagt vurdere ny informasjon.

Barn i streik

Dei 99 kommunane som ikkje følgjer norma i talet på tilsette, hadde i sum eit overskot på 7,2 milliardar i fjor. Dei same kommune vil få ein utgift på 700 millionar for å innføre norma både i offentlege og i private barnehagar.

Både foreldre og organisasjonar som Redd Barna har lenge sagt at dei meiner bemanningsnorma er for dårleg fordi den ikkje sikrar ein minimumsbemanning i heile opningstida. Foreldre over heile landet tar derfor fredag barna sine ut i streik.

- Ingen barn tar skade av ein fridag med foreldra for å oppleve demokrati og medborgarskap i praksis, seier Caroline Marita Omberg til Dagsavisen. Ho er ein av initiativtakarane bak Facebook-gruppa «Foreldreopprøret 2018».

(©NPK)

Utdanningspolitiske talsperson i Frp Åshild Bruun-Gundersen meiner dei norske kommunane som ikkje allereie innfrir kravet til bemanning i barnehagane, har nok pengar til å gjere det. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Annonse