Klargjør siden...
Annonse

Frp-politikarar på besøk hos Huawei i Kina

Karantenenemnda undersøkjer no om tidlegare statssekretær Vidar Brein-Karlsen (Frp) kan ha brote karantenereglane ved å opptre som lobbyist for Huawei.

Karantenenemnda undersøkjer no om tidlegare statssekretær Vidar Brein-Karlsen (Frp) kan ha brote karantenereglane ved å opptre som lobbyist for Huawei.

Ifølgje Dagbladet har tre Frp-arar vore på besøk hos den kinesiske telegiganten i Shanghai. Dei tre besøkte denne veka Huawei og åt middag for Huaweis rekning på kvelden.

I Shanghai møtte dei òg tidlegare statssekretær for Frp i Justisdepartementet, Vidar Brein-Karlsen. Han er i dag direktør for samfunnskontakt i Noreg for det kinesiske gigantselskapet.

Frps stortingsgruppe har betalt sjølve reisa til Kina.

Då Brein-Karlsen gjekk frå Justisdepartementet til Huawei i januar, vart han pålagt nokon av dei strengaste karantenereglane som er tatt i bruk. Karantenenemnda undersøkjer no om Brein-Karlsen kan ha brote karantenereglane ved å opptre som lobbyist for Huawei, skriv Dagbladet.

- Det stemmer at eg nettopp kom heim frå ein lenge planlagd tur til Kina. Det er stemmer òg at stortingsrepresentantane Helge André Njåstad, Sivert Bjørnstad og Jan Steinar Johansen var der i møte med Huawei. Desse møta deltok ikkje eg i, skriv Brein-Karlsen i ei tekstmelding til avisa.

Utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget var òg invitert til å møte telegiganten i Beijing, men dette besøket vart det aldri noko av.

Fleire land har stengt ute Huawei i frykt for spionasje, men i Noreg har dei to største mobilnetta mykje utstyr frå telegiganten.

(©NPK)

Vidar Brein-Karlsen gjekk frå statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet til direktørjobb i Huawei. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Annonse
Annonse
Annonse