Klargjør siden...

Funnemark ny direktør i Lånekassen

Den 47 år gamle juristen Nina Schanke Funnemark er tilsett som ny direktør i Lånekassen.

Funnemark har dei siste tre åra vore assisterande skattedirektør og hadde før dette ulike leiarstillingar i skatteetaten, blant anna som avdelingssjef ved Bærum likningskontor, avdelingsdirektør ved Skatt aust og regiondirektør for Skatt sør. Funnemark har vore tilsett i skatteetaten i til saman 22 år.

- Lånekassen gjer utdanning mogleg, og vi skal ha treffsikre støtteordningar for ulike behov. Våre digitale løysingar skal vere moderne og brukarvennlege. Nina Schanke Funnemark har ein spennande kompetanse for å vidareutvikle Lånekassen på disse områda, seier styreleiar Seunn Smith-Tønnessen.

Funnemark meiner Lånekassen har eit svært viktig samfunnsoppdrag, og ser fram til å starte i den seks år lange åremålsstillinga til hausten.

- Eg ser fram til å ta fatt på jobben som administrerande direktør for Lånekassen til hausten. Lånekassen har eit viktig samfunnsoppdrag og er ein organisasjon som eg opplever har høge ambisjonar og som set brukarane i fokus, seier Funnemark.

Ho etterfølger Marianne Andreassen som har vore direktør i Lånekassen sidan november 2012.

(©NPK)

Annonse
Annonse