Fylkesveg stengt etter steinras i Årdal

Fylkesveg 53 i Årdal ved Kolnostunnelen er stengd etter at stein har rasa ned i vegbana. Ein bil køyrde inn i raset, men det er ikkje meldt om personskadar.

Vest politidistrikt opplyser på Twitter at ein bil har køyrt inn i steinar som har rasa ned i vegbana på fylkesveg 53 ved Kolnostunnelen i Årdal.

– Ikkje meldt om personskade, skriv politiet.

Dei skriv vidare at vegen er stengd.

(©NPK)

Annonse