Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Eksplosjon ved Rättscentrum i Malmö, der både politiet og tingretten held hus, viste seg å vere forårsaka av fyrverkeri.
uvakt@ntb.no/Bjorn.Ivar.Voll@npk.no
Publisert: 28.05.2018 kl 17:04
Ifølgje avisa Sydsvenskan eksploderte fyrverkeriet i ei leilegheit i bygningen rett overfor Rättscentrum, men omstenda er ikkje klare.
Det er ikkje meldt om personskadar etter eksplosjonen, men bygningen blei påført mindre skader.
- Nokon har jo plassert den der, den har ikkje komme dit av seg sjølv. Det er uklart, men nokon har lagt den der og den har eksplodert. Det førte til ein kraftig smell og ein liten skade i leilegheita, seier pressetalsperson Anna Göransson i politiet.
Politiet har ingen mistenkte i saka.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.