Klargjør siden...

Giuliani seier Trump ikkje vil svare på spørsmål om hindring av rettsvesenet

Trumps advokat seier at presidenten ikkje vil svare på spørsmål om påståtte forsøk på å hindre etterforskinga av ei mogleg russisk innblanding i presidentvalet.

Det vil ikkje bli aktuelt for president Donald Trump å svare på spørsmåla verken skriftleg eller munnleg, seier advokat Rudy Giuliani til AP torsdag.

To dagar tidlegare opna spesialetterforskar Robert Mueller for å la Trump forklare seg skriftleg på spørsmål rundt mogleg kontakt mellom Trumps valkampapparat og Russland i 2016. Det er altså spørsmåla knytt til om Trump har prøvd å hindre etterforskinga, blant anna ved å sparke FBI-sjef James Comey i fjor, advokaten no opplyser at presidenten ikkje vil svare på.

Giuliani skal derimot ha svart Mueller med at Trump er villig til å svare på andre spørsmål som knyter seg til den moglege russiske innblandinga i den amerikanske valkampen. Spørsmåla skal svarast på skriftleg, og Giuliani stiller strenge kriterium for eventuelle oppfølgingsspørsmål.

Sjølv har ikkje Trump, som tidlegare har sagt seg villig til å svare på alle spørsmål under eid, kommentert utspela frå advokaten.

Mueller har standhaftig grave seg stadig djupare ned i påstandane om samrøre mellom Trumps valkampmaskin og russarane, der hensikta med eit samarbeid skal ha vore å sverte motkandidat Hillary Clinton før valet.

Trump har hevda at arbeidet til spesialetterforskaren er ulovleg. Han har den siste tida mast på justisminister Jeff Sessions for at han skal finne ein måte å stanse Mueller på.

(©NPK)

President Donald Trumps advokat Rudy Giuliani seier det ikkje vil vere aktuelt for Trump å bidra til spesialetterforskar Robert Muellers etterforsking, heller ikkje ved å svare på spørsmål skriftleg. Foto: Charles Krupa / AP / NTB scanpix

Annonse