Klargjør siden...

Gjensidige Forsikring legg ned åtte kontor i Noreg

Omstrukturering og kostnadar knytt til avlingskrisa i sommar gjer at Gjensidige Forsikring set av 160 millionar kroner. Åtte kontor blir lagt ned.

- Som eit resultat av framleis fokus på forbetra distribusjonseffektivitet, vil Gjensidige stengje åtte avdelingskontor i Noreg, med personellreduksjon og opphøyr av kontraktar for leige av eigedommar, opplyser Gjensidige Forsikring.

Forsikringsselskapet set av til saman 80 millionar kroner i tredje kvartal til restruktureringa. Selskapet opplyser at det i tillegg har redusert talet på tilsette i Sverige og Danmark.

Gjensidige har i tillegg berekna at det vil registrere erstatningsavskrivingar på 80 millionar kroner relatert til avlingsskadar i tørkesommaren.

- Det varme og tørre vêret i sommar har medført betydelege skadar på jordbruksavlingar i Noreg. Skadar på avlingar i Noreg knytt til tørke er i stor grad dekte av den norske regjeringa. Gjensidige dekkjer likevel delar av erstatningen, utover kompensasjonen frå regjeringa, opplyser selskapet.

Det eksakte beløpet er likevel framleis usikkert ettersom prosessen med statleg kompensasjon er ein føresetnad for å vidaresende fordringar til Gjensidige, og det faktum at regjeringa har sett søknadsfristen til 31. oktober.

(©NPK)

Konsernsjef Helge Leiro Baastad varslar nedlagde kontor og 80 millionar kroner i erstatningsavskrivingar relatert til avlingsskadar i sommar. Foto: Berit Roald / NTB scanpix